Gå videre til innhold
Jon Fosse, Helene Guåker og Bjørn Hatterud nominerte til Kritikarprisen

Pressemelding -

Jon Fosse, Helene Guåker og Bjørn Hatterud nominerte til Kritikarprisen

Samlaget har heile tre nominerte til Kritikarprisen i år. Helene Guåker som også var nominert til Brageprisen er nominert i kategorien for beste barne- og ungdomsbok med Høgspenning. Livsfare. Juryen seier: "Det er rørende å lese om Leas kamp mot psykisk sykdom og den tyngende taushetskulturen som omgir henne. Boka kjennes betydningsfull, ikke minst fordi mentale lidelser fremdeles er stigmatiserte i samfunnet."

Bjørn Hatterud fekk strålande meldingar og mange lesarar med boka Mjøsa rundt med mor. Ei livsreise som kom ut i fjor vår. Han er nominert i sakprosaklassen. Frå grunngjevinga til juryen: "Draumen var å komme vekk, men Mjøsa var og blir det faste haldepunkt i tilværet. Nå køyrar han og den aldrande mora rundt den langstrakte innsjøen, gjennom eit landskap og stader fulle av minner, men der så mykje er borte eller endra. Langsamt forstår lesaren kor sterkt mora har vore til stades i hans fysisk vanskelege barndom. Ho er som innsjøen, tryggleiken. Å køyre bil rundt Mjøsa er ingen stor kunst, men når Bjørn Hatterud tek turen saman med mora, blir det eit velskrive stykke kunst, slik god sakprosa skal vere. "

Jon Fosse vart nominert til den internasjonale Booker-prisen for første band av Septologien og er no nominert til Kritikarprisen for band to; Eg er ein annan. Juryen seier: "Igjen møter vi det velkjente suggererende Fosse-språket med sin tunge flyktighet, denne strømmen av sanselig manende gjentagelser, og hans uhyggelig sterke kunstnerisk-religiøse livsnærvær. Også denne boka holder et skyhøyt internasjonalt nivå."

Vinnarane  av litteraturkritikerprisane vert offentlege torsdag 4. mars. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO