Gå videre til innhold
Ny samtalebok: Eskil Skjeldal og Jon Fosse om mysteriet i trua

Pressemelding -

Ny samtalebok: Eskil Skjeldal og Jon Fosse om mysteriet i trua

I 2013 konverterte Jon Fosse til katolisismen. Fosse melde seg i protest ut av Den norske statskyrkja som 16-åring, men fann seinare attende til ei religiøs livsforståing gjennom skrivinga. Han har vore oppteken av gnostisisme, kristen mystikk og har kjent seg nær kvekarrørsla, men er no altså katolikk. Kva har skjedd?

I den nye boka "Mysteriet i trua" samtalar teologen og katolikken Eskil Skjeldal med Fosse om vegen fram til konverteringa. Dei snakkar om tru og Gud, om åndelege og mystiske opplevingar, om skriving, alkoholisme og sjukdom, om kvardagen som katolikk og om kva Fosse tenkjer om standpunkta til den katolske kyrkja. I "Mysteriet i trua" kjem du tett på både Fosse og trua.

Lanseringsarrangement: Litteraturhuset i Oslo, onsdag 25.3. kl 1900.

 Jon Fosse (f.1959) blir rekna som ein av våre største og viktigaste samtidsforfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar både i inn- og utland. Han bur no i Statens æresbustad for fortente kunstnarar, Grotten i Oslo.

Eskil Skjeldal (f. 1974) er teolog og er stipendiat på Menighetsfakultetet. Han har òg master i faglitterær skriving frå Høgskolen i Vestfold og er mellom anna litteraturkritikar i Vårt Land og Dag og Tid.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

  • Foto av Skjedal og Fosse. Foto: Linda Bournane Engelberth
    Foto av Skjedal og Fosse. Foto: Linda Bournane Engelberth
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5760 x 3840, 4.81 MB
    Last ned
  • Foto: Synnøve Skre Skjeldal
    Foto: Synnøve Skre Skjeldal
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3888 x 2592, 1.22 MB
    Last ned
  • omslag
    omslag
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    988 x 1512, 146 KB
    Last ned
  • Foto av Skjeldal og Fosse. Foto: Linda Bournane Engelberth
    Foto av Skjeldal og Fosse. Foto: Linda Bournane Engelberth
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5760 x 3840, 3.63 MB
    Last ned