Gå videre til innhold
Foto: Agnete Brun
Foto: Agnete Brun

Pressemelding -

Jon Fosse kjem med ny roman hausten 2025

Fjorårets Nobelpris-vinnar i litteratur, Jon Fosse, kjem ut med romanen Vaim neste haust. Boka kjem ut samstundes som Den internasjonale Fosse-festivalen opnar.

Den nye Nobelserien som starta opp rett etter at Fosse vart utropt til vinnar, har selt over 100 000 eksemplar siste året. Strøyminga av Fosses bøker på lyd ligg på over 50 000 sidan oktober i fjor. Winje agency melder om stor interesse internasjonalt, og har gjort over 200 enkeltsal av titlane hans det siste året. Interessa for den kommande romanen Vaim er stor no rett før bokmessa i Frankfurt seinare denne månaden.

Meir om Vaim:

Vaim er den første boka i ein serie på tre: Vaim, Vaim Hotell og Vaim Vekeblad. Bøkene kjem ut hausten 2025, 2026 og 2027.

Tekstane tek alle utgangspunkt i den fiktive staden Vaim, men handlar om ulike personar. Bøkene kan fint lesast som einskildståande forteljingar. Fosse hadde byrja på Vaim-sogene då han fekk Nobelprisen i litteratur, men har fullført dei tre bøkene i etterkant av prisutdelinga.

Vaim er ei lita bygd ved fjorden som har både butikk, hotell og avis. I dei tre bøkene møter me ulike innbyggjarar i bygda. Som Jatgeir i den første boka. Han reiser ut på tur med sjarken, og på underleg vis får han med seg heim Eline, sin ungdoms kjærleik.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Jon Fosse 4  [c] Agnete Brun
    Jon Fosse 4 [c] Agnete Brun
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6287 x 4480, 20.7 MB
    Last ned