Gå videre til innhold
Jon Fosse nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for Andvake-trilogien

Pressemelding -

Jon Fosse nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for Andvake-trilogien

Juryen kallar trilogien "et høydepunkt i nyere norsk romanlitteratur."

Andvake-trilogien er ei intens forteljing om to elskande, Asle og Alida, som prøver å finne sin stad i verda.

Dei tre delane i trilogien, Andvake (2007), Olavs draumar (2012) og Kveldsvævd (2014) har blitt hylla av kritikarane for å vere eit meisterverk, og noko av det finaste og vakraste Fosse har skrive. Forteljingane kom ut samla i eit band i fjor, med tittelen Trilogien. Bøkene er ute eller under utgjeving på fleire språk, mellom anna tysk, engelsk, fransk og italiensk. 

Andvake er ei vakker og urovekkjande forteljing om spelemannen Asle og kjærasten Alida. Huslause og søvnlause vandrar dei i regnet i Bjørgvin. Dei drep for å skapa eit liv for seg sjølv og barnet dei ventar. I Olavs draumar møter vi Asle på veg for å skaffe ringar. Asle og Alida skal bli ektefolk. I staden endar Asle med å bøte med livet for gjerningane sine. I det siste bandet,  Kveldsvævd, får vi vite korleis det gjekk med paret som ofra samvitet for kjærleiken gjennom gamle Ales, dotter til Alida. Vi følgjer Alida og den vesle sonen Sigvald tilbake til Dylgja, staden Asle og Alida ein gong rømte frå.

Frå meldingar av boka:

"Noe av det enkleste og fineste Jon Fosse har skrevet (...)I innhold ruver de godt i Fosses forfatterskap og nyere norsk litteratur. (...) Varmen Fosse har for sine hardt prøvede, helt alminnelige mennesker, gir ualminnelig fin litteratur."

Terje Eidsvåg, Adresseavisen

Jon Fosse er en av våre mest særpregede forfattere, en mystiker hvis språk lar naturen leve, en dikter som med sin stemme får prosa til å synge"

Andreas Wiese, Dagbladet

"Ingen skildrer den skjøre kjærligheten som Fosse (...)Jeg leser Fosse fordi han skriver så vakkert om døden og kjærligheten. Fordi han bygger ned grensene mellom mennesket og naturen. Jeg leser Fosse fordi han åpner opp mellom liv og død, det metafysiske og det fysiske. Fosse vever hele virkeligheten sammen"

Eskil Skjeldal, Vårt Land

"Dette er intens og febril litteratur som gradvis avslører hvilken skjebne som venter den som ofrer sin samvittighet for kjærligheten."

Ingunn Økland, Aftenposten

"Den lille fortellingen om de unge vergeløse med det store motet er nådeløs, vakker og lysende."

Anne Cathrine Straume, NRK

Terning 6

"I eit arkaisk språk, så blotta for jåleri at det så vidt heng saman, skildrer Fosse dei djupaste drama i livet. I korte små setningar famnar han heile verda. Han skaper sin eigen sjanger, kanskje kan den kallast pragmatisk-poetisk vestlands-realisme. Den korte historien om det unge paret ber i seg røter lesaren nesten fysisk fornemmer. Personane blir så elegant levande, orda kjennest nyfødde. (...) Halleluja!"

May Grethe Lerum, VG

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO