Pressemelding -
Jon Fosse og Olav H. Hauges dikt i praktboka "Lauvhytter i skogen: dikt i utval"
Lauvhytter i skogen: dikt i utval er ei praktbok med dikt av både Jon Fosse og Olav H. Hauge og rikt illustrert med vakre foto av mellom anna Signe Fuglesteg Luksengard.
Jon Fosse og Olav H. Hauge kjem frå kvar si bygd i Hardanger; Strandebarm og Ulvik. Dei kjem frå kvar sin gard ved fjorden, og er begge uløyseleg knytte til eit landskap, til Vestlandet og det nynorske språket. Hauge, som er fødd vel femti år før Fosse, synte den unge Fosse at det gjekk an å koma frå ei lita bygd i Hardanger og likevel halda på med dikting. Dei to diktarane møtte kvarandre fleire gonger, mellom anna gjorde Bergens Tidende eit intervju med dei begge heime hos Hauge. Då Fosse fekk nobelprisen i 2023, var Hauge er ein av dei få diktarane Fosse nemnde i nobelforedraget sitt.
Dette er ei bok med dikt av både Hauge og Fosse, men også tekstar og bilete som syner forholdet mellom dei to. Boka er rikt illustrert, mellom anna med bilete frå Ulvik og Strandebarm, tekne av Signe Fuglesteg Luksengard.
«Hardanger utan Hauge er ikkje det same Hardanger. Alle store kunstnarar forandrar landskapet. Det gjorde Hauge», har Jon Fosse sagt.
Bla i starten av boka:
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.