Pressemelding -
Jordbruk, oljeindustri, kropp og funksjonshemming er tema i ny utgåve av tidsskriftet Syn og Segn
I leiaren til det nye nummeret spør Aastad Bråten kvifor vi er så opptekne av å plassere kvarandre i fastlåste båsar; "Samfunnet – og samfunnsdebatten – blir føreseieleg og kjedeleg om vi stadig leitar etter spor og trekk hjå meiningsmotstandaren som kan stadfeste våre eigne klisjear og stereotype førestillingar. Det reduserer fridomen til kvar einskild, fridomen kvar og ein av oss har til å sjølv å definere vårt eige liv"
Syn og Segn vart
stifta av Arne Garborg i 1894 og er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike
allmennkulturelle tidsskrifta i Noreg i dag. Syn og Segn er ein aktiv
premissgjevar i det breie offentlege ordskiftet – ikkje berre for det nynorske
kjernepublikummet, men òg for kulturinteresserte i alle samfunnslag
Innhaldet:
SAMTALE: «Eg legg vekt på omstilling av olje- og gassnæringa, ikkje å dømme ho til døden.» Administrerande direktør i Norsk olje & gass, Gro Brækken, peiker på ansvar og etiske vurderingar i utviklinga av den norske olje- og gassnæringa.
EMNE: Sjeldan har interessa for norsk jordbruk og jordbrukspolitikk vore større enn i dag. Likevel har han ord på seg for å vere vanskeleg, utilgjengeleg og for spesielt interesserte. Kvifor har det blitt slik? Og kor står norsk jordbruk eigentleg – i dag? Kan jordbrukspolitikken endrast? Svenn Arne Lie, Bjørn Egil Flø og Solveig Bratteng Rønning skriv om utfordringane i landbruket.
I OPPOSISJON: Kven representerer motkultur og opposisjon til rådande levemåtar, tankesett og menneskesyn i Noreg i dag? «Det er viktig å vere annleis. Viktigast for dei som ikkje er det.» Torstein Lerhol om kropp og funksjonshemming.
UTLAND: Fattigdom og korrupsjon. Etniske konfliktar. Svake demokratiske tradisjonar. Korleis ser så folk sjølv på framtida – i eit land med så mange problem? Syn og Segn og skribent Jon Kværne rettar blikket utover. Denne gongen: Kosovo.
FRIE TEKSTAR: Bloggar Suzanne Aabel skriv om sexlysta som forsvann då ho vart gravid, Terje Emberland og Kjetil Braut Simonsen skriv om antisemittismen i Bonde-Noreg i 20- og 30-åra, medan Ruth Hemstad skriv om den britiske debatten om Noreg i åra før 1814.
DIKTET: Solveig Mette Tjeltveit
TILRÅDINGA: Nicholas H. Møllerhaug tilrår fire opplevingar med eit kolonialistisk sus: Opera i ørkenen og amerikansk pønkrock. Høgfjell og lågfjell. India, Wales, Berlin og New Mexico.
Fast teikneserie ved Øystein Runde
Meir om tidsskriftet finn du på www.synogsegn.noKontakt Knut Aastad Bråten: 907 68 797 knut@synogsegn.no
Emner
Kategorier
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.