Gå videre til innhold
Kari Anne Bye med treffande diktbok om kjærleiken og samlivet etter Tinder-matchen; "Eg bur her no"

Pressemelding -

Kari Anne Bye med treffande diktbok om kjærleiken og samlivet etter Tinder-matchen; "Eg bur her no"


Kari Anne Bye hadde ein sterk debut med boka Eg et før eg kjem i fjor, der ho skildrar Tinder-datinga som det humoristiske og litt tragiske feltet det kan vere. 

I den nye boka, Eg bur her no, følgjer vi ei kvinne i trettiåra som treff ein mann nett på Tinder og tar steget inn i eit forhold. Mannen er bra på så mange vis, men korleis kan ho vite at ho har funne den rette? Ho har sett kjærleiken døy før, og blir redd. Skal det vere dei to resten av livet? Heldigvis treng dei ikkje flytte saman med ein gong, eller, det vil seie, ikkje før leilegheita hennar flaumar over av vatn, og det gjer ho naturlegvis.

Eg bur her no
er ei bok om kjærleik og tvil, om kor vanskeleg det kan vere å ta imot det gode, enda kor mykje ein har ønska seg det.

Lanseringsarrangement på Facebook. Sissel Gran intervjuar Kari Anne Bye om den nye boka, blir lagt ut kl 19.8. kl 19 (og ligg der også etterpå): https://www.facebook.com/event...

Lanseringsarrangement for boka i Trondeheim, 28.8.: https://www.facebook.com/event...

Sissel Gran seier om boka:

«En høyst original, varm og klartenkt undersøkelse av lengselens tvetydighet. Les og lær.»


Punktet
Å stå på dette punktet
og sjå strengar bli kryssa, kveila, falda ut
alt som er og alt som blir og ikkje.
Vi kjem til å gifte oss.
Vi kjem til å gå frå kvarandre.
Vi kjem til å gifte oss
og gå frå kvarandre.
Nett her
nett no
er alt like sannsynleg.


Kari Anne Bye
(f. 1983) kjem frå Trondheim. Ho har bakgrunn frå drama og teater og er utdanna historikar frå NTNU. Bye debuterte i 2020 med diktsamlinga "Eg et før eg kjem".

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO