Gå videre til innhold
Kari Stai aktuell med ny Jakob og Neikob-bok!

Pressemelding -

Kari Stai aktuell med ny Jakob og Neikob-bok!

Jakob og Neikob er tilbake! I Kari Stais fjerde bok, Jakob og Neikob Naboen, opplever dei to venene at ein heilt ny person flyttar inn ved sidan av dei. Jakob gler seg til naboskap og nabolag, medan Neikob uroar seg for nabobråk og nabokrangel. Men når naboen bankar på døra, blir både Jakob og Neikob litt redde og torer ikkje opne. For ein skal jo ikkje snakke med framande, eller? Tenk om det er eit monster eller ein tjuv!

«Slik Fosse har perfeksjonert gjentagelsens kunst for voksne, har Stai gjort det for lesere fra 2 til 100 år» Morgenbladet om Jakob og Neikob Naboen


Jakob og Neikob Naboen er ei varm og humoristisk biletbok med parallellar til vårt eige samfunn der framandfrykt og fordommar ikkje er uvanleg. Kari Stai har både skrive og illustrert boka.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

  • 9788252190465 framside
    9788252190465 framside
    Lisens:
    All Rights Reserved
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2479 x 3224, 5.09 MB
  • Foto: Benedikte Skarvik
    Foto: Benedikte Skarvik
    Lisens:
    All Rights Reserved
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2989 x 4483, 5.21 MB