Gå videre til innhold
Kari Stai med ny illustrert barneroman

Pressemelding -

Kari Stai med ny illustrert barneroman

Jakob og Neikob-forfattar Kari Stai er aktuell med ein illustrert barneroman om dei store tankane og funderingane mange unge balar med i overgangen mellom barn og ungdom. 

Juri nærmar seg 12 år og kjenner seg usikker på absolutt alt. Han prøver å finne ut av seg sjølv, kjærleiken, fotballen, og kor langt tunga skal inn i eit kyss før ein ikkje får puste.

For Sofi er så fin at Juri mistar pusten. Men Juri vil sjølvsagt ikkje døy. Han skulle ynskje at alt var som før. At pappa ikkje måtte flytte. At bestevenninna Evy ikkje blei så rar. Kvifor har han så mange kjensler? No snurrar jordkloden så altfor fort. Om han berre kunne stått litt meir i ro.

Med Passe happy har Kari Stai skrive og illustrert ei barnebok som med humor og varme tek barns tankar og kjensler på alvor, og som mange unge vil kjenne seg att i. 

Kari Stai (f. 1974) er forfattar og illustratør, aller mest kjend for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse blir karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette til fleire språk og er blitt animasjonsfilm og teater.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO