Gå videre til innhold
Kattar og spøkelse i Maria Gripe-stil frå debutant Guro S. Auganes

Pressemelding -

Kattar og spøkelse i Maria Gripe-stil frå debutant Guro S. Auganes

Mystisk spøkelseshistorie frå debutant Guro S. Auganes

Julie hatar å sove borte. Ho er elleve år og skal vere åleine hos besteforeldra i fire dagar og tre netter. Ho må øve seg til hausten. Då skal ho på overnattingstur til Göteborg med bestevenninna si.


Det er berre éin ting: Ho har gløymt kor skummelt det er hos besteforeldra. Alt er så gamalt og mørkt der, vegger og møblar, og det luktar rart. Og kva er det med det gule rommet der Julie skal sove? Kvifor blir ho svimmel av å vere der? Og kva i all verda er det skjerande skriket som vekker ho midt på natta?


Katteskriket
er ei bok om heimlengt, hemmelegheiter og å vakne med songar i hovudet. Det er ei bok om kattar - og om spøkelse.

Boka er illustrert av Line Halsnes.

Guro S. Auganes (f.1973) bur i Oslo. Katteskriket er Auganes si første bok.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter