Gå videre til innhold
Kjærleikstrilogien til Jon Fosse samla i eitt band

Pressemelding -

Kjærleikstrilogien til Jon Fosse samla i eitt band

I vår kom den siste romanen i den kritikarroste kjærleikstrilogien til Jon Fosse. No er dei samla i eitt band. I Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd følgjer vi spelemannen Asle og kjærasten Alida, to elskande som prøver å finne sin stad i verda.

Andvake (2007) er ei vakker og urovekkjande forteljing om spelemannen Asle og kjærasten Alida. Huslause og søvnlause vandrar dei i regnet i Bjørgvin. Dei drep for å skapa eit liv for seg sjølv og barnet dei ventar. I Olavs draumar (2012) møter vi Asle på veg for å skaffe ringar. Asle og Alida skal bli ektefolk. I staden endar Asle med å bøte med livet for gjerningane sine. I det siste bandet, Kveldsvævd (2014), får vi vite korleis det gjekk med paret som ofra samvitet for kjærleiken gjennom gamle Ales, dotter til Alida. Vi følgjer Alida og den vesle sonen Sigvald tilbake til Dylgja, staden Asle og Alida ein gong rømte frå.

Kritikarane kom med unison hylling av trilogien i samband med utgjevinga av Kveldsvævd:

"Ingen skildrer den skjøre kjærligheten som Fosse (...)Jeg leser Fosse fordi han skriver så vakkert om døden og kjærligheten. Fordi han bygger ned grensene mellom mennesket og naturen. Jeg leser Fosse fordi han åpner opp mellom liv og død, det metafysiske og det fysiske. Fosse vever hele virkeligheten sammen".

Eskil Skjeldal,  Vårt Land


"Fosses språk fanger en sanselig virkelighet. Den gir fortellingen en rikhet som både er tung og lett, fysisk nær og mytisk åpen. (…) Språket er klassisk Fosse: Enkelt, men manende. Åpent søkende, men samtidig helt presist. (…) Hans fortellinger viser hans kvaliteter i en sjanger der vi kanskje kan se dem best. Jon Fosse er en av våre mest særpregede forfattere, en mystiker hvis språk lar naturen leve, en dikter som med sin stemme får prosa til å synge"

Andreas Wiese,  Dagbladet"

« Kveldsvævd» er en svært vellykket og verdig avslutning på trilogien om Asle og Alida. Leseren blir sugd inn i scenene og kan formelig kjenne på kroppen skjebnene og følelsene som beskrives i boken. Det er rett og slett et privilegium å lese forfattere som Jon Fosse."

Anders Lunda,  Telemarksavisa


Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO