Gå videre til innhold
Kristin Auestad Danielsen klar med romanen "på, over, inni"

Pressemelding -

Kristin Auestad Danielsen klar med romanen "på, over, inni"

I grålysinga ein humlesurrande sommarmorgon pakkar Erla ferdig ein doggblaut fløytekvit Mercedes 1976-modell. Ho og dottera Julie på sju skal rekke Norröna-båten, som skal ta dei over Atlanterhavet, heilt til Færøyane. Der skal Julie få lære kulturen og språket til landet mora sjølv vaks opp i. For Erla blir det eit møte med alt som finst, og alt som kunne ha vore.

på, over, inni
er ei bok inspirert av sommarnostalgi, med lag på lag med somrar, og alt som høyrer til. Og ut frå Færøyane spenner historia ut til nabolanda og blir ein refleksjon over forholda mellom nordiske land.

Kristin Auestad Danielsen (f. 1981) er forfattar og dramatikar. Ho debuterte med diktsamlinga Alle i Norge, i tre, i hengekøyer i 2005. Ho har fått oppført teaterstykke i Danmark og Noreg og skrive fleire kritikarroste diktsamlingar. I 2018 kom den første romanen hennar, Vår vesle. Teaterversjonen av Vår vesle blei sett opp på Det Norske Teatret hausten 2018. Ho fekk stor merksemd for sin andre roman, Du er bonde, frå 2022. På, over, inni er hennar tredje roman.

Frå meldingar av førre roman, Du er bonde (2022):


«Med «Du er bonde» viser Danielsen til fulle at hun er en romanforfatter å regne med. Dialogen er vittig, men også sår. Her er satirisk samfunnssnert, som hos Marit Eikemo, og rå seksuell ungdommelig kraft, som hos Olaug Nilssen.»-

Mari Grydeland, Aftenposten

«Framstillinga av jentenes seksualitet er ei av dei beste skildringane av ungjenters uendelege kåtskap eg kan hugse å ha lese i nyare norsk litteratur»- Maria Horvei, Vinduet

«Å, så godt det gjer å lese ei odelsforteljing med ny giv og nye perspektiv [.] Her ljomar «Brittas fitta» på repeat over campingvognene på lansleiren til Norsk Bygdeungdomslag - i fire dagar til ende.»-

Eivind Myklebust, Klassekampen

«Danielsen har ei eiga evne til å skrive overraskande og rare setningar som gjer det lett å leve med fråværet av normal, logisk progresjon. Eg er sjølv bonde. Medan eg går ut til traktoren, tenkjer eg at ideen om å plante store tre på landets beste landbruksareal naturlegvis ikkje er ønskeleg eller gjennomførleg. Men som ein fantasi om . og ein lengsel etter . ei slik verd tatt tilbake av naturen, byr «Du er bonde» på mange gode stunder og aparte, små setningar.»

Ola Hegdal, NRK

«I Kristin Auestad Danielsens nye roman Du er bonde finst heile spekteret, frå lyst og glede overfor natur og gardsdrift og vilje til nyvinning til djupt mismot overfor så vel odel som moderne landbruk.»-

Margunn Vikingstad, Morgenbladet

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • omslag og forfattar-1 (7).png
    omslag og forfattar-1 (7).png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 2.87 MB
    Last ned
  • Kristin.A.Danielsen_på_over_inni_13225_95.jpg
    Kristin.A.Danielsen_på_over_inni_13225_95.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4320 x 2880, 4.9 MB
    Last ned
  • 9788234013447 på over inni.jpg
    9788234013447 på over inni.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3016 x 4834, 2.45 MB
    Last ned