Gå videre til innhold
Kristin Tveiten klar med romanen "Nålehuset", om opphav, lojalitet og draumar som brest

Pressemelding -

Kristin Tveiten klar med romanen "Nålehuset", om opphav, lojalitet og draumar som brest

Handlinga i Kristin Tveitens nye roman Nålehuset startar med to menn godt oppi 80-åra. Den eine prøver å drepe den andre. Korleis har dei hamna der?

Osvald veks opp under enkle kår i lag med den strenge, gudfryktige mor si. Det er som om ho straffar sonen for noko, men trass i at ho er full av forakt, held ho han i eit fast grep. På andre sida av fjorden ligg Storgarden, og der bur jamaldringen Frank. Han har alt Osvald ikkje har, men likevel klarer han ikkje å la Osvald vere i fred.

Osvald held seg helst i nærleiken av naboen, Salve smed, eller aleine i skogen. Kvar sundag løftar han på konkylien som ligg på ein av gravsteinane på kyrkjegarden, for å lytte til havet, som ein gong tok far hans.

Nålehuset
er ein roman om røter og opphav, om lojalitet og draumar som brest.

Kristin Tveiten (f. 1966) kjem frå Seljord. Ho debuterte med romanen Menneske og møll i 2021. Nålehuset er den andre romanen hennar.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Tveiten, Kristin (c) Oda Berby 2020 BRUK DETTE.jpg
    Tveiten, Kristin (c) Oda Berby 2020 BRUK DETTE.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4315 x 6472, 21.6 MB
    Last ned
  • 9788234012389 Nålehuset Framside R
    9788234012389 Nålehuset Framside R
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1583 x 2476, 2.95 MB
    Last ned