Gå videre til innhold
Kroken og Kolden med ny krim frå Gudbrandsdalen; "Død manns kiste"

Pressemelding -

Kroken og Kolden med ny krim frå Gudbrandsdalen; "Død manns kiste"

Kroken & Kolden lanserer ny krim under Krimfestivalen i Oslo 5.3. Møt dei i Teaterkjeller´n på Centralteatret kl 16 på fredag.

Ein kontroversiell dyrlege blir sporlaust borte i Lom. Det viser seg snart å vere fleire mistenkte i saka. Og enklare blir det ikkje då eit lik blir oppdaga i ein bekk: Det er ikkje dyrlegen, men ei som har lege død i lang tid. Når soknepresten i Lom, Einar Gelius, gjer ei skremmande oppdaging midt under ei jordfesting, er det fleire som stiller spørsmålet: Har desse to sakene ein samanheng?

Endå ein gong må lensmann Sylfest Seljestad, betjent Jørgen Vold og Reidun Hammer nøste opp dei ulike trådendane. Saman med politiet utgjer både dei mistenkte og dei andre involverte eit fargerikt og engasjerande persongalleri i ei medrivande kriminalforteljing av beste sort.

Kroken & Kolden gav ut den første kriminalromanen sin i 2011, Evig skal døden vera. Duoen følgde opp med Døden kjem med bussen i 2013, og er no attende med den tredje boka i serien, ei mørk og underhaldande mordgåte.

Kroken & Kolden er Vigdis Kroken, journalist og Ragnhild Kolden, Bokhandlar. Begge er frå Lom. Ragnhild Kolden debuterte hausten 2010 med romanen I krig og kjærleik.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO