Gå videre til innhold

Pressemelding -

Kulturdepartementets barnebokprisar til Kenneth Steven, Øyvind Torseter og Guri Vesaas

Kenneth Steven (forfattar) og Øyvind Torseter (illustratør) har fått Kulturdepartementets pris for beste biletbok for barn i 2012 for Historia om korleis hunden fekk vår snute. Guri Vesaas fekk omsettarprisen for boka Rosas buss som ho har omsett frå italiensk.


Meir om bøkene:

Historia om korleis hunden fekk vår snute: Då vatnet flommar over landet, bygger gamle Noah ei svær ark og tar om bord småkryp, husdyr og ville dyr av alle slag. Mens dei driv ute på havet skjer det forferdelege, båten spring lekk! Kva i all verda gjer ein då? Noah veit råd. I  tekst og bilde er dette ei livlig gjenfortelling av den gamle fabelen om korleis hunden fekk snute.

Frå bokmeldingar:

"Her kryr av dyr – og det boblar av humor. Der Steven forankrar historia «ikkje lenge etter at verda blei til», der forankrar Torsæter oss i samtida. Noah har ring i øyra og hettegenser, kua bli henta til arken frå ein utekafè, der ho sit med fleecepledd og caffé latte. Torsæter faldar livet om bord ut i store tablå."
Ingeborg Mjør,  Dag og Tid

"En gammel fabel om hvorfor hunden har våt snute er  blitt til ei stor bildebok, artig illustrert av Øyvind Torseter."
Marianne Lystrup,  Vårt Land

 

Rosas buss av Fabrizio Silei, Maurizio A. C. Quarello (illustratør). omsett av Guri Vesaas:

Rosas buss handlar om rasisme, om mot til å kjempe for rettane sine; og om redsel og svik. Midt i den store hallen på Henry Ford-museet står ein gammal buss, og i bussen er det eit sete som minner bestefar om ei historie langt tilbake i tid. Det er setet til RosaParks. Dette er historia om den modige Rosa Parks som ein desemberdag i 1955 nekta å reise seg frå buss-setet for å gi plass til ein lyshuda amerikanar, endå raselovene kravde det. Med tårer i auga fortel bestefar historia han veit alt om, for han var på bussen sjølv.

 
Frå bokmeldingar:

"Nydelig barnebok om kampen for likhet i USA. (...) Rosas buss er en flott
anledning til å by ungene en meningsfull fortelling, og samtidig en viktig
historieleksjon - formidlet på nydelig nynorsk."

Fredrik Wandrup,  Dagbladet

"Ein god innfallsvinkel når ein vil formidla historia om amerikansk rasisme
til barn. (...) Formatet er nett, teksten er ikkje lengre enn at han kan lesast
i eitt. Illustrasjonane er inspirerte av Edward Hoppers måleri og tilfører
amerikansk koloritt og dokumenterande preg."

Ingeborg Mjør,  Dag og Tid

"Ei fortelling om frykt og mot, om å stå opp og kjempe for det man tror på.
En rørende og engasjerende historie som anbefales for små og store."

Irene Trysnes,  Fædrelandsvennen

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.