Gå videre til innhold
Landslagskeeper Ørjan H. Nyland aktuell med "Ørjans Keeperskole"

Pressemelding -

Landslagskeeper Ørjan H. Nyland aktuell med "Ørjans Keeperskole"

Ørjan Håskjold Nyland (f. 1990) er aktuell med boka «Ørjans Keeperskole» der han gir unge spelarar dei beste triksa og tipsa for å bli ein god keeper. Nyland blei cupfinalehelt då Hødd vann NM-gull på straffesparkkonkurranse mot Tromsø i 2012. Så gjekk han til Molde og vann cupfinalegull der både i 2013 og 2014. No spelar han på det norske landslaget og i Ingolstadt i Bundesligaen.

Hovuddelen av boka er teknikk, tips og triks for å bli ein god keeper. Kva er motivasjonen til ein keeper, korleis utvikle seg og ha mentalt fokus, er også sentralt. Nyland fortel om korleis han "pratar seg opp" gjennom ein kamp, dirigerer forsvaret, ikkje lar ein tabbe få for stor merksemd osv. Han gir gode treningstips om oppvarming, slengteknikk, feltarbeid, utspark og eigentrening. Terping på detaljar er det som skal til for å bli verkeleg god, seier han.

I boka fortel Nyland også om sin allsidige bakgrunn innan barne- og ungdomsidrett. Han dreiv lenge med alpint og handball i tillegg til fotball, der han lenge var både spiss og keeper. Nyland fortel om klubb- og landslagskarriere, frå Mork IL, via Volda, Hødd og Molde til Ingolstadt i Bundesliga.

Målgruppe for faktaboka er barn og unge frå 7 år og oppover. Boka er rikt illustert med foto av Nyland som demonstrerer teknikk. 

Boka er skriven i samarbeid med forfattar Eirik Ingebrigtsen (f.1975) som sjølv spelar på Det Norske Forfattarlandslaget i fotball.

Bla i boka her: https://issuu.com/detnorskesamlaget/docs/__rjans_keeperskole

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO