Pressemelding -
Lansering av Benedicte Maurseths bok "Å vera ingenting. Samtalar med spelemannen Knut Hamre"
Lanseringsarrangement:
I Oslo laurdag 10.mai. kl 12 på Det Norske Teatret, Bikuben. Hamre og Maurseth i samtale med Ole E. Bø. Opplesing og felespel.
I Bergen: Litteraturhuset, Auditoriet, 15. mai kl 19. Maurseth les og fortel frå boka og framfører ny og tradisjonell slåttemusikk.
Om boka:
Som liten gut kakka Knut Hamre på dørene til alle naboane heime i Granvin. Han stod utføre med felekassen i handa og måtte spele for seg sjølv og for andre. Sidan den gong har livet hans handla om å spele hardingfele og å læra spel vidare til nye generasjonar.
Knut Hamre (f. 1952) er rekna for å vere ein av dei fremste utøvarane på hardingfele i dag. Han er felepoet og ein meister i faget. Benedicte Maurseth har i 24 år vore elev av felemeistar Hamre. Når ho ser attende er det samtalane som har vore det viktigaste i opplæringa. I boka samtalar meister og elev om blant anna kunst, dikting, medkjensle og mystikk.Vi vert kjend med Hamre som menneske, kunstnar og læremeister, og med livsfilosofien hans, tanken om å vera ingenting.
Boka har føreord av Jon Fosse
Benedicte Maurseth (f. 1983) kjem frå Eidfjord i Hardanger, men er busett i Bergen. Ho byrja å spela hardingfele åtte år gamal. Maurseth er musikar, komponist og skribent. Ho blei i 2007 kåra til Årets unge folkemusikar
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.