Gå videre til innhold
Foto: Agnete Brun
Foto: Agnete Brun

Pressemelding -

Lansering av Juleroser 2020 med redaktør Herborg Kråkevik og bidrag frå Magne Furuholmen, Sigrid Bonde Tusvik, AURORA, Kåre Conradi, Nina Lykke m.fl.

Juleroser med Herborg Kråkevik som redaktør har etablert seg som eit av dei mest populære, norske julehefta. I år er det sjette gong heftet kjem ut. Barnas Juleroser kjem i år ut for tredje gong.

I år inkluderer Kråkeviks Juleroser-univers også ein Juleroser-turné med litteratur, kunst og musikk, ei eiga Juleroser-plate og praktutgivinga Julesongboka med dei tradisjonsrike songane i tillegg til dei nyskivne Juleroser-songane frå dei siste åra.

Herborg Kråkevik ønskjer å gi lesarane store kunstopplevingar til jul, i ein god balanse mellom nostalgi og moderne uttrykk. Juleroser har bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane og kunstnarane i vår tid. I Juleroser 2020 gir Nina Lykke oss fortsettinga på romanen Nei og atter nei med novella Ingrids jul. Simon Stranger skriv ei varm og overraskande juleforteljing, Trygve Skaug skriv om julekrybba og årets opningsdikt er ved danske Naja Marie Aidt. Magne Furuholmen har skrive skjønnlitteratur på norsk for første gong og og Sigrid Bonde Tusvik gir oss ein god latter med eit heseblesande innblikk i familien Tusviks julefeiring i teksten Juleillebefinnende. Bodil Cappelen, kanskje mest kjent som enka etter Olav H. Hauge, men sjølv ein stor kunstnar, fylte 90 år i år og fortel om kunsten og livet i samtale med Randi Fuglehaug

AURORA har skrive den nye julesongen Vinterens gåte. Heftet er rikt illustrert og i tillegg ligg det ved tre flotte kunsttrykk som ein kan ta ut og ramme inn.

Årets tema er kransen, eit symbol på æve. Katrin Berge har teikna ein detaljrik krans etter årstidene på årets omslag. Det er i år 100 år sidan Sigrid Undset gav ut Kransen, første band i trilogien om Kristin Lavransdatter, og det skriv Sigrun Slapgard om i årets hefte.

I Barnas Juleroser bidreg m.a. Herborg Kråkevik, Maja Lunde, Helene Uri, Arne Svingen, Kåre Conradi, Marianne Gretteberg og Mari Kanstad Johnsen. Heftet er spekka med illustrasjonar, papirklipp og førjulsoppgåver for heile familien.

Juleroser og Barnas Juleroser er eit samarbeid mellom Samlaget og Egmont Kids Media Nordic AS.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Relatert innhold

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO