Gå videre til innhold
LANSERING AV NY BOK OM WIKILEAKS 24.4.

Pressemelding -

LANSERING AV NY BOK OM WIKILEAKS 24.4.

I den nye boka Statsfiende WikiLeaks tek Der Speigel-journalistane Holger Stark og Marcel Rosenbach fleire sider ved fenomenet WikiLeaks. WikiLeaks endra i løpet av nokre få månader nyheitsbildet i heile verda. Korleis kunne ei handfull nettaktivistar klare å ramme supermakta USA og andre statar så hardt?

Marcel Rosenbach kjem til Oslo 24. og 25.4. for å lansere boka. Han deltar mellom anna på Morgenbladetsamtalen på Internasjonalen, Youngstorget, 24.4. kl 18. I samtale med Sten Inge Jørgensen.

Etter lekkasjar av hemmelege rapportar frå amerikanske ambassadar og dokument om krigen i Afghanistan og Irak har den USA erklært WikiLeaks som statsfiende. Under den omstridde frontfiguren Julian Assange har gruppa utfordra USAs sikkerheit og omdømme på det hardaste. No blir dei forfølgde med alle midlar.

Boka tar for seg personen Julian Assange, og kva som har drive han. Forfattarane har følgt Assange og andre nettaktivistar i årevis, og også vore sentrale i Der Spiegel med WikiLeaks-avsløringane. Boka gir eit overblikk over fenomenet og utviklinga av WikiLeaks, eit eksklusivt innsyn i hackarverda, og forklarer kvifor statsløyndomar aldri meir er trygge.

Boka set òg premissane for debatten om det nye ”mediedemokratiet”: Har folk flest rett til å vite statsløyndomar? Er WikiLeaks den undersøkjande journalistikken i framtida, eller den farlegaste sida på Internett?

Marcel Rosenbach(1972) og Holger Stark(1970) er skrivande redaktørar i Der Spiegel, og har lang røynsle med journalistikk om medium, datahacking og hemmeleg tenester.

”Kvar einaste side er spennande å lese. Ein global krim, høgst aktuell. Og historiene i Statsfiende WikiLeaks er på ingen måte over.”

Rbb STILBRUCH

”Der Spiegel er det beste vekemagasinet i verda, ein påstand som berre blir styrkt av denne briljante rapporten om dei nyaste WikiLeaks-avsløringane.”

Seymour Hersh, The New Yorker

 

 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO