Gå videre til innhold
LANSERING AV "THE RISE AND FALL OF GØRAN TROVÅG"

Pressemelding -

LANSERING AV "THE RISE AND FALL OF GØRAN TROVÅG"

Gaute Sortland er klar med ny ungdomsbok, "The Rise and Fall of Gøran Trovåg", ei morosam, skeiv og sår bok om å vere ung gut i ein liten norsk by.

Dette er historia om Stuart, som eigentleg heiter Gøran, og kompisane hans. Det er historia om
skitten sprithandel, vennskap og musikk. Det er forteljinga om måker og vind, om damer og eksplosjonar, og ikkje minst: historia om å gå skikkeleg på trynet i hundeskit.

Og det er ikkje tvil om kva by Sortland let handlinga utspele seg i:

-I denne boka er eg så nære heimbyen eg kan kome utan å nemne han med namn. Stader, folk, hus og miljø er alle frå Haugesund, og resten kjem frå England. Landet som ein kan lukte og nesten sjå over til på dei sjeldan klåre dagane på vestlandet.

-For Gøran Trovåg (alias Stuart) handlar det om å vise seg fram, rope høgast og kle seg annleis. Og som alltid. Den som står høgt oppe, har og det høgste fallet ned igjen. I skiten. 

Gaute M. Sortland (f. 1980) kjem frå Haugesund. Han debuterte som forfattar med romanen Johan
i 2009 og er kjend som songar og musikar i Bergen Mandolinband.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO