Gå videre til innhold
Lansering: "Sjakk. Ei kjærleikshistorie" av Bård Vegar Solhjell

Pressemelding -

Lansering: "Sjakk. Ei kjærleikshistorie" av Bård Vegar Solhjell

Lanseringsarr. Fisk og Vilt, Pløensgt 1 i Oslo, 23.10. kl 19.

Bård Vegar Solhjell presenterer boka. VG Tvs Mads Andersen samtalar med Solhjell, Abid Raja, og toppspelar Silje Bjerke.

Heile livet har politikaren Bård Vegar Solhjell vore djupt fascinert av sjakk. I barndomen var han ein talentfull sjakkspelar, seinare vart sjakken meir som ein hemmeleg lidenskap.

I boka forklarer Solhjell enkelt og underhaldande kvifor stadig fleire elskar sjakk. Han skriv om sjakkens historie og framtid. Om kvar sjakk kjem frå, dei store profilane og om sjakk i film, musikk og i politikk.

Dette er ei bok for alle nysgjerrige som sit med ubesvarte spørsmål etter OL og VM. Ei bok for deg som vil forstå meir av eit av verdas eldste og mest utbreidde spel.

Med føreord av Hans Olav Lahlum. 

Bård Vegar Solhjell (f. 1971) frå Sunnfjord i Sogn og Fjordane, er utdanna statsvitar. Han har vore kunnskapsminister 2007–2009 og miljøvernminister 2011–2012. I dag er han stortingsrepresentant for SV frå Akershus og nestleiar i SV. Han er gift, har tre born og bur i Son i Akershus. Han har tidlegare gitt ut Solidaritet på ny (2011).

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO