Gå videre til innhold
Lars Mæhle får Bokhandelens barnebokstipend på 40.000 kroner

Pressemelding -

Lars Mæhle får Bokhandelens barnebokstipend på 40.000 kroner

Stipendet er eit samarbeid mellom Bokhandlerforeninga og Norske Barne- og ungdomsbokforfattarar (NBU). Målet med stipendet er å utvikle forfattarskap, og løfte dei nye barnebøkene fram

 Grunngjevinga til juryen:

"Lars Mæhle er ein godt etablert forfattar med fleire spanande og fengjande prosjekt i mange ulike sjangrar og han har så langt i forfattarskapet vist ein stigande formkurve. Bøkene hans blir berre betre og betre og han når stadig fleire barn og unge. Det er med stor glede og begeistring at NBUs litterære råd innstiller Lars Mæhle til Bokhandlerstipendet 2013. Vi kjenner oss trygg på at dette vil inspirera forfattaren til å halda fram med å skriva gode bøker til glede for små og store lesarar."

 Mæhle debuterte med ungdomsromanen Keeperen til  Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper’n til Liverpool (2010),  er basert på denne boka. Fantasyromanen Landet under isen (2009)  markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikter i dei tre store verdsreligionane – jødedom, kristendom, islam – er sentrale. Romanen blei tildelt  Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok 2009 og vann UPrisen i 2010. Boka blei dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikarpris.

Fjorårets ungdomsroman «Fuck off I love you» fekk stor merksemd og også denne boka vart nominert til Uprisen.  For yngre lesarar har han blant annet skrive om tospannet Harry og Ivar.

Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har  skrive over 20 bøker for barn, unge og vaksne.

Meir om stipendet: Det er NBUs litterære råd som vel ut kven som får stipendet, som er finansiert av Bokhandlerforeningas medlemmar. Stipendet vart delt ut under markeringa av Leselystaksjonen under Oslo bokfestival 13. september, med over 350 barn til stades.

 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO