Gå videre til innhold
Lars Mæhles første krimbok, "Den mørke porten", selt til Tyskland

Pressemelding -

Lars Mæhles første krimbok, "Den mørke porten", selt til Tyskland

Lars Mæhles første krimbok, Den mørke porten som vert lansert 12.3., er alt selt til Tyskland. Det er det prestisjetunge forlaget Ullstein Buchverlag, som no satsar på Mæhle på den tyske marknaden. Frå før har forlaget krimforfattararar som Jo Nesbø, John le Carre og Lisa Marklund i stallen.  

Ein mann blir drepen på brutalt vis i ein kyrkjeruin. Åstaden og drapsmetoden liknar det uoppklarte drapet på Karsten Scheel. Psykologen Ina Grieg, Karsten Scheels kollega og hemmelege elskar, blir inkludert i politiets etterforsking. Grieg går eigne vegar for å få etterforskinga framover. Det vert snart klart at det dreier seg om fleire mord, der gjerningsmannens signatur er kodar og mønster som ikkje ser ut til å ha noka løysing.

Grieg får bruk for all sin menneskekunnskap, kløkt og kamsporterfaring i ei jakt der ho må kjempe mot fleire demonar, ikkje minst sine eigne.

Den mørke porten er første boka i ein serie om psykologen Ina Grieg.

Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Mæhle debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper’n til Liverpool (2010),  er basert på denne boka. Han har skrive fleire bøker for barn og unge, og fekk sitt store gjennombrot med fantasyromanen Landet under isen i 2009.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO