Gå videre til innhold
Laura Djupvik aktuell med moderne juleforteljing: "God dag, herr Jul"

Pressemelding -

Laura Djupvik aktuell med moderne juleforteljing: "God dag, herr Jul"

Malin og veslesøstera Molla har flytta inn i eit gammalt trekkfullt hus, i ein by dei så vidt kjenner og utan pappa. Alt er annleis, men jula kjem vel uansett. Eller gjer ho det? Ifølgje Onkel Thor kjem det heilt an på engelen Gabriel og ei rekkje andre ting om det i det heile blir jul. Og lenger ned i gata bur Henrik, den spesielle guten som kan alt om ord.

Kvifor landar det heile tida nye juletre utanfor huset til naboen? Og kva er det naboen gøymer der inne? Englane kan umogleg ordne alt åleine. Så Malin må trå til, saman med Molla og Henrik og fleire til.

Laura Djupvik (f. 1970) er forlagsarbeidar, skribent og forfattar. Ho kjem frå Gurskøy på Sunnmøre, men bur no i Lier ved Drammen. Ho debuterte med romanen Båten er så liten i 2004. I 2008 fekk ho Guro Sandsdalens litteraturpris for barneboka Hundre appelsinar og ein fiolin. Djupvik kom med romanen Kvitt (Kolon forlag) i 2013.

Kontakinformasjon Laura Djupvik: lauradjup@gmail.com 

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO