Pressemelding -
Leif Einar Lothe er klar med boka "Lothepus-manualen. 113 tips og tjuvtriks" 4. oktober
I den nye boka Lothe-pusmanualen får ein 113 tips og historier om pengar, kjærleik, dynamitt – og anna spetakkel
Boka blir lansert 4.10.
Leif Einar Lothe (56) er kjendis, stavkyrkjebyggjar, entreprenør og glad i dynamitt. I tillegg er han jeger, kaptein, musikar, far og sambuar.
I denne boka har han plukka ut praktiske triks som er jækla kule å kunna. Du lærer alt frå å sløya fisk og handtera ei sag til å investera pengar, pakka tursekken og gjera deg klar til jobbintervju.
Han gir òg kloke livsråd om tillit, samliv og prestasjonsangst – og kva du gjer den dagen tankane er så tunge at du ikkje orkar å stå opp.
Boka er skriven av journalist Heidi Molstad Andresen.
Lanseringsarrangement i Odda på Litteratursympositet 4.10. https://www.litteratursymposie...
Leif Einar Lothe er i Oslo 8.-9. oktober. Ta kontakt med forlaget for avtale.
Leif Einar Lothe (f. 1969), betre kjent som Lothepus, er entrepenør, sprenger, maskinist, sangar og TV-kjendis. Lothe er frå Rogdo i Ullensvang og bur i dag i Odda. Han vann reality-serien Farmen kjendis i 2017, og mange kjenner han frå dokumentarserien Fjorden Cowboys, som følgjer Lothe og makkaren hans, Joar Førde, i kvardagen deira.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.