Pressemelding -
Leif Høghaug er klar med boka "Jonas Gahr Støre. Eit dikt"
Boka tek for seg ein av dei viktigaste politiske aktørane i den norske samtida. Gløym biletet media har skapa av den politiske hovdingen, statsmannen. Høghaug oppfordrar oss til å sjå kva diktinga kan seia om verda me lever i.
Hos Høghaug blir Jonas Gahr Støre kasta ut i eit allegorisk hav. Havet er sjølv ein karakter, ei flytande spegelflate som viser andlet og talar om openberre prov på krisa, som ekstremvêr, trumpisme og fråvære av venstreradikale rørsler med klåre visjonar om ei betre framtid. Og i dette havets vald vert Støre forvandla til både heltemodig storsymjar og duppande flaskepost, til både Odyssevs og Jonas i kvalfiskens buk. Men Støre er ikkje den einaste som kjem til syne på den speglande havoverflata. Også kvilelause attergangarar flyt ikring. Ei av desse røystene frå fortida er den flygande hollendaren, ei anna han Ola Hansebergknatten.
Med si nye bok gjev Leif Høghaug eit bidrag til den norske samtidslyrikken som det er vanskeleg å halda seg likegyldig til. Sjølv kallar han boka «ein drope i havet» – men som kjent kan ein drope vera nok til å endra eit heilskapsinntrykk, og han meiner at diktinga må insistera på at den språklege framstillinga av politikkens sanning ikkje eine og åleine er ei sak for the usual suspects, som politikarane sjølve, journalistar og ymse kommentatorar. Kanskje er det nettopp gjennom diktarspråket me kan dana grunnlaget for ein ny og framtidsretta samtale.
LEIF HØGHAUG (f. 1974) er busett på Gran på Hadeland og er utdanna litteraturvitar. Han har undervist ved Universitetet i Oslo og Forfattarstudiet i Bø i Telemark og skrive bokmeldingar og essay for ei rekkje aviser og tidsskrift. I åra 2010– 2015 arbeidde han som redaktør i Bokvennen Forlag. Høghaug er også omsetjar og har mellom anna omsett bøker av Julian T. Brolaski og Marx og Engels’ Det kommunistiske partis manifest til norsk, og han arbeider for tida med ei komplett omsetjing av James Joyces Finnegans Wake.
Høghaug debuterte i 2012 med diktsamlinga Fama. I 2017 kom hans andre diktbok, Kommunion, og i 2021 kom hans første roman Kælven (omsett til tysk og engelsk).
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.