Gå videre til innhold
Linn T. Sunne aktuell med ny ungdomsroman: "Alt du kan ønske deg"

Pressemelding -

Linn T. Sunne aktuell med ny ungdomsroman: "Alt du kan ønske deg"

Linn T. Sunne er ute med ny ungdomsroman som går tett på den vanskelege kjærleiken.

Siri kan berre ikkje la vere å møte Andreas som sender henne meldingar som får det til å krible i henne, sjølv om ho er kjærast med Jens.

Har ein lov til å gjere det slutt med nokon som har det vanskeleg, sjølv om ein eigentleg vil?

Dobbel brageprisvinnar Linn T. Sunne skriv lett og tett på om ung kjærleik og psykisk sjukdom.

Sunne (f. 1971) debuterte som barnebokforfattar i 2000 med boka Stjernestøv, og har sidan skrive fleire bøker for barn og unge. Ho har vunne Skolebibliotekarforeningens litteraturpris og Brageprisen to gonger.

http://samlaget.no/nn-no/barn%20og%20unge/ungdom/alt-du-kan-oenske-deg/innbunden.aspx

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO