Gå videre til innhold

Pressemelding -

Lucy klarer alt er ei ny bildebokserie for dei yngste

Lucy klarer alt!

Sjarmerande bildebok for dei yngste av Ida Eva Neverdahl

Lucy er ei jente som kan alt, absolutt alt! Ho kan ta bomba, ho kan slå hjul og ho kan trøyste. Og i dag vil ho prøve noko nytt: Ho vil bli sirkusdirektør. Det er berre eit lite problem: Ho har ikkje nokon sirkusartistar! Dette er sjølvsagt ikkje noko hinder for Lucy. Ho har nemleg ein veldig god plan.

Lucy klarer alt! Sirkuset
er første bok i ein ny bildebokserie for dei yngste lesarane med oppfinnsame Lucy i hovudrolla. Vi blir med på hennar sprø påfunn for å gjere kvardagen litt ekstra gøyal.

Ida Eva Neverdahl (f.1993) kjem frå Stavanger, og er teikneserieskapar og illustratør. Ho har laga nettseriar, teikneseriestriper og er skaparen av den kritikarroste teikneserien Floke, om ein atypisk vikinghelt. Lucy klarer alt. Sirkuset er Neverdahl si første bildebok.

Related links

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • PRM mal-3.png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 3.09 MB
    Last ned
  • Ida Eva Neverdahl_fotobyline_ Gry Dahl
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1333 x 2000, 1.84 MB
    Last ned
  • 9788234015830 Lucy klarer alt Sirkuset.png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    3000 x 3000, 14.7 MB
    Last ned