Gå videre til innhold
Foto: Ole Ekker
Foto: Ole Ekker

Pressemelding -

Maren Barlien debuterer med Einbreid bru; ein roman om fluktinstinkt og naturkrefter

Maren Barlien debuterer med Einbreid bru; ein roman om fluktinstinkt, naturkrefter og det å vere ein fange av eigne og andres forventningar.

Astrid fortel familien sin at ho skal studere musikk i Reykjavík, men i staden reiser ho ut på bygda for å arbeide med hestar. Langt frå musikken, tett på naturen, på den avsidesliggande garden til den aldrande psykologen Gudmundur Gudmundsson. Sakte blir ho ein del av livet hans der, sjølv om det raskt viser seg at ho ikkje er interessert i hest.

Kvar morgon utfordrar Gudmundur godmodig Astrid til å omsette vêrmeldinga frå islandsk tekst-tv, og for kvar dag som går, finn ho seg litt betre til rette, både i den nye heimen sin og i seg sjølv. Men så dukkar einstøingen Halli opp og inviterer med seg Astrid på fisketur. Da slår naturkreftene til, og Astrid blir igjen ein fange for eigne og andres forventingar.

«Golvet er varmt under fotblada, eg opnar den smale delen av vindauget, slepper inn kald luft og lyden av surklande vatn frå badestampen. Sola er på veg ned bak fjellet, legg den flate fjellryggen i skugge, ei kvit stripe mot den blålilla himmelen. Eg føler meg tung og lett samstundes. No er det verkeleg berre eg, denne mannen og desse tretten hestane.»

Maren Barlien (f. 1991) er nordtrønder busett i Oslo. Ho har gått på forfattarstudiet i Bø og arbeider som omsettar og organist, dei siste to åra i Reykjavík. Einbreid bru er den første romanen hennar.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO