Gå videre til innhold
Maren Barlien nominert til Vesaas´ debutantpris for romanen "Einbreid bru"`

Pressemelding -

Maren Barlien nominert til Vesaas´ debutantpris for romanen "Einbreid bru"`

Maren Barlien debuterte hausten 2023 med Einbreid bru; ein roman om fluktinstinkt, naturkrefter og det å vere ein fange av eigne og andres forventningar. Astrid fortel familien sin at ho skal studere musikk i Reykjavík, men i staden reiser ho ut på bygda for å arbeide med hestar. Langt frå musikken, tett på naturen, på den avsidesliggande garden til den aldrande psykologen Gudmundur Gudmundsson.

Juryen legg i grunngjevinga vekt på Barliens litterære mot:"Barlien lar det menneskelige dramaet speile seg i lavmælte, presise og nærværende skildringer av naturen og dyrene. På denne måten utviser hun litterært mot og treffsikkerhet."

Litterært råd i Den norske forfattarforening har nominert Barlien og tre andre debutantar til prisen. Prisen vart oppretta i 1964 av Tarjei Vesaas. Prisen skal gå til beste skjønnlitterære debutant under 35 år. Prisvinnaren vert offentleggjort laurdag 9. mars 2024. Prisutdelingen skjer på Den norske Forfatterforenings årsmøte på Hotel Bristol, Oslo.

Maren Barlien (f. 1991) er nordtrønder busett i Oslo. Ho har gått på forfattarstudiet i Bø og arbeider som omsettar og organist, dei siste to åra i Reykjavík.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Barlien, Maren (c) Ole Ekker 2020_BRUK DETTEa
    Barlien, Maren (c) Ole Ekker 2020_BRUK DETTEa
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    8120 x 4511, 20.2 MB
    Last ned