Gå videre til innhold
Maren Uthaug aktuell med romanen "Og sånn blei det"

Pressemelding -

Maren Uthaug aktuell med romanen "Og sånn blei det"

Maren Uthaugs roman Og sånn blei det er ei barndomserindring om å bli trekt opp med rota. Med sitt sedvanlege skråblikk og glimt i auget fortel Uthaug om familieløyndommar, overtru og forboden kjærleik.  Romanen er Uthaugs debut frå 2013.  Uthaug er basert i København, og har trøndersk og samisk familiebakgrunn. Frå før har Samlaget gitt ut to andre romaner av Uthaug, Der det finst fuglar og Ein lykkeleg slutt, begge tatt svært godt i mot av norske lesarar og kritikarar. 

Uthaug er på lanseringsturné i Oslo, Levanger og Trondheim i perioden 29.mars -1. april. 


I Og sånn blei det veks opp i Danmark med sin norske far, Knut, og si danske stemor, Grethe. Heime i Noreg sit Ristens samiske mor, Rihtta. Risten får etter kvart namnet Kirsten og gløymer det meste av livet i nord - bortsett frå forteljingane om dei underjordiske som ho fekk høyre av si læstadianske bestemor, Áhkku.

Kirsten er ofte så redd om kveldane at ho ikkje får sove, og ho ber dei kvenske bønene Áhkku lærte henne. Grethe og Knut er for opptatt med andre ting til å bry seg med Kirstens kvalar - for eksempel har Grethe ein god del hundar ho må mate, og fem vietnamesiske båtflyktningar i kjellaren. Etter kvart finn Kirsten trøyst i venskapen ho utviklar til den vietnamesiske guten Niels. Og som vaksen reiser ho tilbake til Noreg for å finne ut meir om kvar ho kjem frå.

Til norsk ved Ingvild Holvik.

Maren Uthaug (f. 1972) er ein dansk-norsk forfattar, teikneserieskapar og bloggar. Ho er halvt samisk, med røter frå Trøndelagskysten og Kautokeino, og flytta til Danmark som åtteåring. Ho debuterte som romanforfattar i 2013 og har også gitt ut fleire satiriske teikneseriebøker om samisk kultur. I 2018 fekk ho DR Romanprisen for Der det finst fuglar.



Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO