Pressemelding -
Maria Parr er nominert til Premio Strega for tredje gong
Suksess for Maria Parr i utlandet
"Oskar og eg. Alle plassane" vi er kortlista til den prestisjefylte litteraturprisen Premio Strega i Italia. Prisen går til den beste barneboka gitt ut på italiensk, og blir delt ut i tre kategoriar. Parr er nominert i kategorien beste barnebok i alderen 8-10 år. Utdelinga finn stad i Roma i desember. Parr har òg vore nominert til Strega-prisen før, både for "Vaffelhjarte" og for "Keeperen og havet".
Parr har framleis stor suksess med klassikaren Tonje Glimmerdal, og ti år etter boka først kom ut på kinesisk, er boka vald ut til å vere ein del av det største digitale lesefellesskapet for skulebarn i Kina. Under ei direktesending av arrangementet var det med 90 000 barn som alle hadde lese Tonje Glimmerdal.
Rettane til “Oskar og eg. Alle plassane vi er” selde til 20 språk og rettane til ein TV-serie er òg selde. I august kjem den etterlengta oppfølgjaren til boka, “Oskar og eg. Alle tinga vi har”.
Emner
Kategorier
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.