Pressemelding -
Maria Parr og Åshild Irgens er tilbake med knallsterk oppfølgjar til kritikar- og salssuksess
Maria Parr og illustratør Åshild Irgens er tilbake med ny bok om storesøster Ida og hennar eigenrådige veslebror Oskar i “Oskar og eg. Alle tinga vi har”. For første boka fekk Parr og Irgens Brageprisen, Nynorsk barnelitteraturpris, samt nominasjon til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris, Kritikarprisen, Bokhandlarprisen og KUD illustrasjonspris.
Det er mykje som kan bli øydelagt i ein vanleg familie. Jammen bra at førsteklassingen Oskar har limpistol så han kan lime ting saman igjen. Særleg storesøster Ida sine ting. Men kva med alt det som ikkje kan limast? Fiskestenger på havets botn, uventa vikarar og bortkomne dinosaurar? Og dei dagane då alt blir feil, går det an å reparere dei?
Ein må i alle fall prøve! Farmor tek bomba i redningsaksjon til sjøs, Oskar trøystar eit knust hjarte med måling og stein, og Ida finn ut at ho er modigare enn ho trur.
Kanskje det av og til er best å gjere som Oskar? Berre gi drallen og mose på?
“Oskar og eg. Alle tinga vi har” er ein knallsterk oppfølgjar til sals- og kritikarsuksessen “Oskar og eg. Alle plassane vi er” frå 2023. Rettane til bok ein er selde til 20 land, og boka har selt over 20 000 eksemplar her heime. Bøkene vert hylla som gode høgtlesingsbøker og for skildringa av ein heilt vanleg kvardag, som i seg sjølv er eventyrleg.
Emner
Kategorier
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.