Gå videre til innhold
Marit Kaldhol aktuell med ungdomsromanen "Zweet"

Pressemelding -

Marit Kaldhol aktuell med ungdomsromanen "Zweet"

Alarmen går, og ungdomsskulen blir evakuert på grunn av ein livsfarleg gasslekkasje. 10. klassingane Lill Miriam, Susan og Ruben opplever den dramatiske situasjon på kvar sin måte. Lill Miriam tenkjer heilt annleis enn dei andre. Ho som er så oppteken av at honningbiene forsvinn, er plutseleg sjølv forsvunnen. Overlever ho eller ikkje? Susan har ein vond løyndom ho ikkje klarer å gløyme. Ruben er ny i landet og har berre ein venn, Lill Miriam. Klarer han å finne ut kvar ho gøymer seg før det er for seint?

Ulike tankar og ulike minne fer gjennom hovudet på dei tre ungdommane. Korleis er liva deira knytte saman? Kva er sanning, og kva er løgn? Kven er modig, og kven er feig? Kven er tøff nok til å stå på for det ein kjenner er rett?

Marit Kaldhol (f. 1955) har sidan debuten med "Farvel, Rune" i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. Kaldhol er utdanna lærar og har undervist i grunnskolen og vidaregåande skole. Forfattarskapen hennar er rik og variert, og inneheld både biletbøker for små barn, lettlesbøker, drama, bøker for større barn og ungdom i tillegg til dikt og romanar for vaksne.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO