Gå videre til innhold
Marit Kaldhol nominert til Deutscher Jugendliteraturpreis for ungdomsboka "Søkeord ayotzintli"

Pressemelding -

Marit Kaldhol nominert til Deutscher Jugendliteraturpreis for ungdomsboka "Søkeord ayotzintli"

Deutscher Jugendliteraturpreis er Tysklands største litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur. Det er ungdomsjuryen som består av ungdom frå heile Tyskland som har nominert boka. Prisen er på 8000 euro og vert delt ut i Frankfurt i  oktober. Kaldhol vann prisen i 1988 for  debutboka si Farvel, Rune ( i kategorien beste biletbok. Ho delte prisen med illustratør Wenche Øyen).

Søkeord ayotzintli (2010) fekk Kulturdepartementets pris for beste barne- og ungdomsbok då ho kom ut i Noreg.

Meir om boka: I Søkeord ayotzintli tek ein ung gut livet sitt, men romanen handlar mest av alt om kvifor livet er verdt å leve. Om nettene sit Mikke ved pc-en. Mamma og Idar reiser på ferie til Chile. Kompisane er i gang med russefeiringa. Siri sender tekstmelding, men Mikke svarer ikkje. Han les om små skjelpadder som driv tilfeldig omkring i havet. Nokre klarer seg, andre ikkje.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO