Gå videre til innhold
Markus Lantto ute med ny roman: "Sjå han sykle"

Pressemelding -

Markus Lantto ute med ny roman: "Sjå han sykle"

Etter ein periode på vegen gjennom fleire land orkar ikkje Markus Lantto meir. Han hoppar av frå reisefølgjet og tek inn på eit hotell. Herifrå reflekterer han over reisa han har vore på, og over far sin, som etter lengre tids sjukdom har gått bort. Mellom digresjonar, anekdotar og skrøner skriv Lantto fram fine minne om faren si siste levetid.

Sjå han sykle inneheld betraktningar over det forgjengelege ved livet, presentert med varm humor og leiken forteljarkunst. Lanttos prosa er underhaldande, gripande og overraskande.

Markus Lantto (f. 1973) arbeider som kunstnar og instrumentbyggjar i Trondheim. Han debuterte i 2014 med Bruken av gjedde.

«... Lantto skriver fram fine minner om farens siste tid, iblandet varm humor, lek og kuriosa, fantasi og skrøner, historiske fakta, undring og hverdagsfilosofi. Grensesprengende er det vel ikke, men så avgjort sjarmerende, tankevekkende og leseverdig».

Sigmund Jensen - Stavanger Aftenblad 

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO