Gå videre til innhold
Foto: Helle Frogner
Foto: Helle Frogner

Pressemelding -

Martin Baldysz er aktuell med "Vardane", ein roman om ei gåtefull leiting i rå natur

Martin Baldysz er aktuell med romanen Vardane

Eit brutalt drap har råka fjellheimen, og ei ung seterjente er ettersøkt. Lenge etter at leitinga er avslutta, byrjar rykta å svirre:
Jenta er sett der oppe, i fjella. Sel og eldhus har vorte brotne opp, ting manglar. Det seiest at ho vil snakke med presten.

Sebastian Ribe, presten i bygda, legg i veg. Med seg får han den fjellvane sauebonden Reidar Skåren. For det å hjelpe presten med
å spore opp seterjenta er vel ein framifrå sjanse for Reidar å vise at han framleis er Fjellmannen i bygda?

«Vardane» er ein roman om ein uventa venskap, om ei gåtefull leiting i rå natur - og om tre menneske som, utan at dei veit det sjølv, på
kvart sitt vis er fortapte.

Martin Baldysz (f. 1977) debuterte med romanen Vintertrang i 2013. Vardane er hans andre roman.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO