Gå videre til innhold
Martin Baldysz klar med ny roman; "Fallgard"

Pressemelding -

Martin Baldysz klar med ny roman; "Fallgard"

Martin Baldysz fekk strålande meldingar for sin førre roman Vardane og er nå klar med Fallgard. Vi følgjer Ingeborg gjennom ein sommar der mykje skjer i henne. Samfunnet rundt henne er også i endring.

Det er sommar på Mulen, øya i havgapet. Her bur Ingeborg saman med foreldra og dei yngre søskena. I det vesle
øysamfunnet går livet sin gang med kyrkjemøte, fiske og gardsarbeid, slik det alltid har gjort. Verda utanfor verkar fjern,
men det moderne samfunnet bankar stadig oftare på og trugar det som er trygt og sett.

Ingeborg lengtar forbi fallgarden som bryt bølgjene kring øya. Men det er også ein annan lengt i henne. I alt ho gjer, ynskjer
ho seg til det grøne huset på andre sida av øya. For der bur Olaug, som nettopp har vorte enkje. Olaug med det svarte håret
og dei sterke armane. Kva er det med Olaug som er så annleis, som får Ingeborg til å kjenne seg både innestengd og fri?

Sagt om Vardane:

«Snål og vakker [...] Motstrøms, gammelmodig og vakkert om ei hulder, en prest og en ensom fjellmann [...] noe helt for seg selv.»- Cathrine Krøger, Dagbladet


«Baldysz hinting til en mytisk verden på randen av den vante, er til tider svært god»- Even Teistung, Klassekampen

«... magien er der, og den fungerer»- Steinar Brandslet, Stavanger Aftenblad


«På høgd med det beste [...] Det er uhyggeleg og vakkert. Det er grufullt og hjarteskjerande, men det siste avstår eg frå å seie noko om. Det er trass i alt ei slags krimgåte i botnen. Det er gåtefullt . men dermed blir òg Martin Baldysz' forteljing eit lite stykke poetisk tekst med stor overføringsverdi.»- Ingvild Bræin, Dag og Tid

Martin Baldysz (f. 1977) debuterte med romanen Vintertrang i 2013. I 2022 kom romanen Vardane. Fallgard er hans tredje roman. Han bur i Syltedalen på Sunnmøre.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO