Pressemelding -
Martin Ingebrigtsen klar med boka "Ein filleting som døden"; om stor sorg og djup kjærleik
10.10. kjem Martin Ingebrigtsens nye bok, Ein filleting som døden, ei motsetningsfylt bok om stor sorg og djup kjærleik
Gjennomdikt, essay og notatbokskisser skildrar Martin Ingebrigtsen det å bli far, å miste ei mor og å leve med depresjon. Boka er direkte og overskotsprega, og går sjokkerande tett på når forfattaren snur steinane i livet sitt. Vi får innblikk i ein kvardag som rommar fødsel og død, poesi og magi, familieliv og skriving. Ein filleting som døden skapar med sitt skremmande mørke og sin ærlege stil eit driv og ein energi som utmerker seg litterært, samtidig som dikta opnar rom for gjenkjenning og refleksjon. Djupast sett er det likevel ei bok om det som gjer at ein held ut: kjærleik og poesi.
Martin Ingebrigtsen (f. 1984) er frå Trondheim. Han debuterte i 2018 med diktboka Riv av seg ansiktet. Kritikarane kalla boka «djerv», «oppsiktsvekkende fin» og ein «moden og formbevisst debut» og skreiv at uttrykket hans var «følsomt og stilsikkert».
Han følgde opp med Bukk & Sigd i 2023 og mottok både Hauge-stipendet 2024 og Bokhandelens forfattarstipend 2024. Juryen for sistnemnde skreiv at Ingebrigstens «innfall er så vilt kreative, samtidig som han har et uomtvistelig talent for å skape vellykkede poetiske bilder og setninger som får det til å søkke i leseren».
Ingebrigtsen arbeider også som omsettar, og har omsett mellom andre Åsa Maria Kraft, Nathaniel Farrell, CAConrad og Julia Camifiejeva.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.