Gå videre til innhold
Martin Ingebritsen aktuell med "Bukk & Sigd"; ei bok om alt poesien kan vere

Pressemelding -

Martin Ingebritsen aktuell med "Bukk & Sigd"; ei bok om alt poesien kan vere

Ein poet sit på heimekontoret, omgitt av flytteesker med bøker. Gjennom loftsvindauget har han utsikt over heile Trondheim. Frå dette utkikkspunktet snakkar han med døde barndomsvenner, familiemedlemmer og kunstnarar, i ein samtale som vandrar frå superheltteikneseriar, filmteori og uskuldige piggsvin til oppvekst, tid og økonomi. Heile tida vaker spørsmåla i randsona: Kvifor er eg poet? Kvifor lever eg nett dette livet? Svaret finst kanskje i forteljingane om eit syskenpar, Bukk & Sigd, som ikkje får vere saman.

Bukk & Sigd er eit resultat av Martin Ingebrigtsens arbeid som poet og gjendiktar og virket hans som skrivelærar gjennom fleire år. Det er ei bok som vil inspirere og engasjere alle som elskar litteratur med sine rike perspektiv og store spenn.

Martin Ingebrigtsen (f. 1984) er frå Trondheim. Han debuterte i 2018 med diktboka Riv av seg ansiktet. Kritikarane kalla boka ein «djerv debut», ein «oppsiktsvekkende fin debut» og ein «moden og formbevisst debut» og skreiv at uttrykket hans var «følsomt og stilsikkert». Ingebrigtsen arbeider også som skjønnlitterær redaktør, litterær konsulent og gjendiktar.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO