Gå videre til innhold
Melsomprisen 2011 til Gunstein Bakke

Pressemelding -

Melsomprisen 2011 til Gunstein Bakke

Melsomprisen 2011 går til Gunstein Bakke for romanen Maud og Aud (Forlaget Oktober).

Prisen vart delt ut av forlagsdirektør i Det Norske Samlaget, Edmund Austigard, under opninga av Litteratursymposiet i Odda 10.10.

I juryen sit Ola E. Bø, Hilde Sandvik, Brit Bildøen.

Skipsreder Ferd. Melsoms legat vart stifta i 1922. Formålet er «fremme av det norske sprog (landsmålet)». Prisen vert delt ut årleg til ein forfattar eller omsettar som året før har gitt ei verdifull bok som «efter sitt innhold kan egne sig til folkelæsning og masseutbredelse». Prisen vert styrt av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget og er på 40 000.

Tidlegare vinnarar av prisen er m.a. Jon Fosse, Maria Parr og Edvard Hoem.

Frå juryens grunngjeving:

"Melsomprisvinnaren 2011 tar lesaren med inn på velkjente, men òg uoversiktlige vegar. For her er vegen ikkje berre målet, men òg sjølve åstaden. Vegen er romanens estetikk. Vegen er romanens språk, med bratte kurver, uventa dumpar, mørke avstikkarar. Gunstein Bakkes roman ”Maud og Aud” har undertittelen: ”Ein roman om trafikk”. (...)

Romanen er også eit forviklingsdrama, ei gåte. Og den er mykje meir. Romanen er eit treffpunkt. Mellom kjøtet og teknologien. Teknologien og naturen. Naturen og det groteske. Det groteske og det vakre. Og gjennom alle desse møta flyt språket, ragar språket, briljerer språket, utfordrar språket vår førestellingsevne. Gunstein Bakke skriv med ein sjeldan språkleg presisjon. Kvar setning er som ein boksopnar som flerrar opp nye felt. (...)

Å lese ”Maud og Aud” er ei svimlande reise som kan gjere ein både oppstemt og skrekkslagen. Denne reisa er verdt ein pris. Prisvinnaren utfordrar refleksjonsevna. Det er berre å halde godt i rattet!"

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO