Gå videre til innhold
Melsomprisen til Linda Eide

Pressemelding -

Melsomprisen til Linda Eide

Linda Eide får årets Melsompris for boka  Oppdrag mottro -  jakta på gamle dagar.Prisen er på 40 000 og vert delt ut av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget. I juryen sit: Ola E. Bø, Hilde Sandvik og Brit Bildøen.

Prisen vart delt ut under opninga av Litteratursymposiet i Odda.

Melsomprisen er basert på  skipsreiar Ferd. Melsoms legat som vart stifta i 1922.Statuttane for Melsomprisen seier at prisen skal delast ut til ei bok som  «efter sitt innhold kan egne sig til folkelæsning og masseutbredelse». Tidlegare vinnarar av prisen er m.a. Frode Grytten, Maria Parr, Jon Fosse og Lars Amund Vaage.

Frå grunngjevinga til juryen:

"Melsomprisen går i år til ei bok som fell mellom fleire sjangrar. Eller som skaper ein ny sjanger: «telefonintervju med dine nærmaste». I fleire år tasta Linda Eide mor si for å få stoff til å fylle spalta si i Bergens Tidende. Innleiingsspørsmålet kunne vere: Du, når kom 8. mars eigentleg? Kva har Elvis betydd for deg? Var det vanleg med straumsjokk før?

Dette er ein original journalistisk vinkel som kastar lys over vår nære historie. ”Oppdrag
Mottro er meir enn berre mimring om Gamle Dagar (...) Det handlar ikkje berre om Mottro. Det handlar om oss. Om korleis det norske samfunnet har utvikla seg, om store endringar som har skjedd på kort tid. Vår næraste fortid blir til gamle dagar før vi veit ordet av det. Og i farta blir mykje borte for oss. Når vi deltek i samtalane mellom Linda og mor hennar, får vi friska opp minna våre – av og til på uventa måtar og på uventa område. Som Linda Eide sjølv har sagt i eit intervju: I desse telefonsamtalane kom ikkje mora med gammalt nytt, men nytt om det gamle.

Gjennom denne boka veks det moderne Norge fram, ikkje berre som eit fedreland, men som
eit moderland. ”Oppdrag Mottro” kan bidra til at vi sluttar å bruke uttrykket «manns minne». Og minner oss om at våre mødrer hadde eit liv før oss. Ja, at dei har hatt eit liv, ikkje minst eit tankeliv, som kan ha vore godt skjult for barna deira. Dette er «historia om mor» på ein ny og original måte. Samtidig
byr boka på eit morosamt og opplysande tidsbilde, med eit vake blikk for sosiale nyansar."

Kontaktinformasjon til Linda Eides forlag, Spartacus:

Informasjonssjef Eivind Løvdal Refsnes eivind@spartacus.no /  mobil 924 62  464

 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO