Gå videre til innhold
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Pressemelding -

Mette Karlsvik aktuell med ny roman om begjær og sårbarheit; "Året har tretten netter"

Den kritikarroste forfattaren Mette Karlsvik er klar med romanen Året har tretten netter.

Lansering på Litteraturhuset i Bergen der Karlsvik samtalar med Wenche Mühleisen: https://www.litthusbergen.no/a...

Mette matchar med M. Han viser straks interesse, og ho kan ikkje tru at ein som han ser noko i henne. Når den leikne og uforpliktande relasjonen på SMS går over i fysiske møte, aukar denne usikkerheita. Likevel gir Mette seg heilt over. Ho er hekta og har ingenting å miste. Sjølv når M begynner å trekke seg tilbake, tenker ho at det er no eller aldri.

I Året har tretten netter møter vi Mette gjennom søvnlause netter, i førebuingar til møte, i analysar av meldingstrådar, samtaler og eigen veremåte, gjennom kvardagar der alt dreier seg om M. Boka handlar om tillit og sårbarheit, og om å miste seg sjølv. Karlsvik skriv ærleg og direkte om eit oppslukande, desperat begjær.

Mette Karlsvik (f. 1978) debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. I 2012 fekk ho både Bokhandlarstipend, Stig Sæterbakkens minnepris og Skien kommunes kunstnarstipend. Romanen Bli Björk (2011) blei nominert til Brageprisen.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO