Gå videre til innhold
Mette Karlsvik aktuell med ny roman om lengsel etter nærleik og behovet for sjølvstende

Pressemelding -

Mette Karlsvik aktuell med ny roman om lengsel etter nærleik og behovet for sjølvstende

Meieriet er ein roman om det å leva som kunstnar og forelder. Kan ein kombinera dei to? På eit kunstnaropphald i eit ombygd meieri på Island møter Beate Kjell, som ho blir gravid med. Kva slags livsendringar vil det å bli mor innebere, og kva slags mor kan ho greie å vere? 

Meieriet er ei lågmælt og kjenslevar forteljing om å slitast mellom lengsel etter nærleik og behovet for å vere åleine, om frykta for fødselsdepresjon og for at kunsten skal bli industri. Den ærlege og sårbare forteljarstemma set ord på kjensler som vanlegvis ikkje blir kommuniserte, når Karlsvik skildrar vegen frå graviditet til barseltid.

Mette Karlsvik (f. 1978) debuterte med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Ho har motteke både Bokhandlarstipend, Stig Sæterbakkens minnepris og Skien kommunes kunstnarstipend. Romanen Bli Björk blei nominert til Brageprisen. Forfattarskapen hennar er kjenneteikna av eit unikt blikk på verda, eit blikk som famnar alt frå det mikroskopiske til det globale, gjerne i éi rørsle og setning.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Pressekontakt

Ragnhild Akselberg Tonheim

Informasjonskonsulent 90124325

Relatert materiale

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO