Gå videre til innhold
Maren Uthaug. Foto: Thomas A.
Maren Uthaug. Foto: Thomas A.

Pressemelding -

Mørk familiekrønike frå dansknorsk stjerneskot

Maren Uthaug er aktuell med romanen Der det finst fuglar. Boka er eit utradisjonelt slektsdrama frå Trøndelagskysten i mellomkrigstida. I boka fortel dansk-norske Maren Uthaug, som har basert forteljinga på historier om si eiga slekt ho sjølv høyrde i barndommen, om kva isolasjon, sterke drifter, hardt vêr og tapt kjærleik kan drive folk til å gjere.

For å redde mor si må Johan gifte seg med Marie, jamvel om det er Hannah han elskar. Den vesle familien flyttar til eit fyr utanfor bygda Uthaug i Trøndelag, der vinden blæs så sterkt at dei må binde fast barna for at dei ikkje skal blåse ut på havet. Sonen deira trur han er ein kalv. Dottera er besett av menn. Marie luktar feil. Og Johan sit på toppen av fyret med ei kjensle av at livet har lurt han. Men kven er det eigentleg som har lurt kven?


​Der det finst fuglar er ein familiekrønike og ein nordic noir om store tabu, fortald i ein original og usentimental stil med glimt av humor.


​Frå dansk ved Ingvild Holvik.


​Maren Uthaug
(f. 1972) er ein dansk-norsk forfattar, teikneserieskapar og bloggar, og eit litterært stjerneskot i Danmark. Ho er fødd i Noreg og flytta til Danmark som åtteåring. Ho debuterte som romanforfattar i 2013 og har også gitt ut fleire satiriske teikneseriebøker om samisk kultur. Der det finst fuglar ​er den andre romanen hennar, og i 2018 fekk ho DR Romanprisen for boka.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Ragnhild Akselberg Tonheim

Informasjonskonsulent 90124325

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO