Pressemelding -
Mone Celin Skrede aktuell med boka "Mi høgre hand. Mot ein identitet som funksjonshemma"
Mone Celin Skrede er fødd med ei høgrehand som er mindre enn den venstre. Her deler ho forteljinga si om å vekse opp i ei lita vestlandsbygd utan å identifisere seg som «funksjonshemma». Mi høgre hand er ei bok som utfordrar og overraskar. Skrede skriv ope om korleis ho har navigert i livet sitt, og om korleis ho har funne styrke i å vere ein del av «rørsla».
I serien Norsk røyndom inviterer Samlaget utvalde forfattarar til å skrive om den norske samtida. Viktige tema vert presenterte i kort format, med eit personleg utgangspunkt. Våren 2025 kjem det fem nye titlar i serien. Bøkene gir eit unikt innblikk i tema som pregar Noreg i dag, og korleis dei påverkar kvardagen til folk.
MONE CELIN SKREDE (f. 1991) frå Hareid har bachelor i journalistikk frå Høgskulen i Volda. Ho har vore journalist i Dag og Tid, Nationen og Aftenposten og fast spaltist for Medier24. I dag arbeider ho med kommunikasjon i Uloba, ein organisasjon som fremjar likestilling for funksjonshemma og borgarstyrt personleg assistanse (BPA). Mi høgre hand er hennar første bok.
Forfattarportrett: Andrea Pharo Ronde
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.