Gå videre til innhold
Foto: Marthe Mølstre
Foto: Marthe Mølstre

Pressemelding -

Morosam og spennande skattejakt for mellomtrinnet

Ny barnebok frå kritikarrost debutant


På ei øy så vidt synleg frå land står eit stort og merkeleg hus. Eigaren er den heilsprø skattejegeren Billy Kobb, som ingen har sett på år og dag. Det kjem lydar frå øya, nifse brøl som ikkje lar seg forklare. Dei siste som drog ut dit, kom ikkje tilbake. Øya er farleg. Men det stoppar ikkje Ask og vennene Iris og Eik frå å ro ut til øya midt på natta. Men ikkje fordi dei har spesielt lyst til å dra dit, men fordi dei skal hjelpe Daniela, ei mystisk jente som dukka opp frå ingenstad. For Daniela har eit viktig oppdrag på øya.

Og det skal snart vise seg at eit besøk i Kobbs hus er både rarare, artigare og endå meir livsfarleg enn nokon av dei kunne ha førestilt seg.

Kobbs hus er ei sprø og spennande hyllest til skattejakt og mysterium. Ikkje minst er det ei historie om fire gode venner som tør dra på eventyr, sjølv om dei veit betre. Boka er illustrert av Ketil Selnes.

Kobbs hus er Thoralf Fagertun si andre barnebok etter suksessen med debutboka Familien Gnork i 2022. For denne boka blei Fagertun nominert til Trollkrittet, og rettane til boka er selde til Danmark.

Thoralf Fagertun (f.1980) er utdanna litteraturvitar, jobbar med forskingsformidling og har gått forfattarutdanninga ved Norsk barneinstitutt.

Emner

Kategorier

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • BRUK DETTE_Marthe Mølstre (c) .jpg
    BRUK DETTE_Marthe Mølstre (c) .jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6500 x 4333, 7.15 MB
    Last ned
  • 9788234012969 Kobbs hus Framside C.jpg
    9788234012969 Kobbs hus Framside C.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1711 x 2412, 4.6 MB
    Last ned