Gå videre til innhold

Pressemelding -

No kjem romanen Vaim av Nobelprisvinnar Jon Fosse

Vaim er Jon Fosse sin første roman etter han fekk Nobelprisen i litteratur i 2023. Vaim er den første av tre romanar knytte til den oppdikta staden Vaim. Boka vert lansert på Den internasjonale Fosse-festivalen som startar fredag 5. september.

https://www.detnorsketeatret.n...

Jatgeir frå Vaim reiser med snekka Eline til Bjørgvin. Underleg nok får han med seg heim sin ungdoms kjærleik Eline som rømer frå mannen Frank. Vaim er ei forteljing om Eline, Jatgeir og Frank, snekker og sjarkar, kjærleik og død, føyelege menn og ei uvanleg viljesterk dame.

Vaim Hotell kjem ut i september 2026 og Vaim Vekeblad i september 2027.

Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. I snart førti år har han skrive i ulike sjangrar: romanar, dramatikk, lyrikk, kortprosa, essay og barnebøker. Tekstane hans er omsette til over femti språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse har fått ei rekkje prisar både i inn- og utland.

Forfattarportrett: Agnete Brun


Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter