Gå videre til innhold
Nobelprisvinnar Jon Fosse klar med ny roman, "Vaim", i september

Pressemelding -

Nobelprisvinnar Jon Fosse klar med ny roman, "Vaim", i september

Vaim er den første romanen Jon Fosse gjev ut etter han fekk Nobelprisen i litteratur i 2023. Vaim er den første boka med tilknyting til ein oppdikta plass på Vestlandet, seinare kjem Vaim Hotell og Vaim Vekeblad. Alle forteljingane er knytte til bygda Vaim, men handlar om ulike personar. Tekstane har ein lett og humoristisk tone og er umiskjenneleg eit verk av Jon Fosse.

Vaim blir lansert på Den internasjonale Fosse-festivalen som Samlaget arrangerer saman med Det norske teatret i september.

I september 2026 kjem Vaim hotell og i september 2027 kjem Vaim vekeblad.

Om Vaim:

«men eg kan vel ikkje be Eline koma om bord i båten no nattes tid, gift kone ho er og alt

Kan eg få koma om bord i båten, seier Eline

Ja, ver velkomen, seier eg»

Jatgeir frå Vaim reiser med snekka Eline til Bjørgvin. Han skal kjøpa nål og tråd, men blir snytt to gonger. Underleg nok får han med seg heim sin ungdoms kjærleik Eline, som rømer frå mannen Frank. Vaim er ei forteljing om Eline, Jatgeir og Frank. Det handlar om snekker og sjarkar, kjærleik og død, føyelege menn og ei uvanleg viljesterk dame. Det nyttar ikkje å argumentera mot Eline.

JON FOSSE (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. I 2023 fekk han Nobels litteraturpris. Fosse debuterte med romanen Raudt, svart i 1983. Sidan den gong har han skrive romanar, lyrikk, dramatikk, barnebøker og essay. Tekstane hans er omsette til over seksti språk, og skodespela er sette opp over heile verda.

Forfattarportrett: Agnete Brun

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter