Pressemelding -
Nobelprisvinnar Peter Handke er omsett til norsk av Jon Fosse
Jon Fosse har omsett to av skodespela til Nobelprisvinnar i litteratur Peter Handke til norsk. Stendig storm og Dei vakre dagane i Aranjuez er begge gitt ut i Samlagets dramatikkserie.
Fosse seier dette om tildelinga: - Handke har vore min favoritt i mange år, og er er svært glad for at han får prisen i år! Det er ikkje utan grunn at eg har omsett to stykke av han.
Dei vakre dagane i Aranjuez (2016) er ein dialog mellom ein mann og ei kvinne. Dei vil så gjerne kome nær kvarandre, men i staden for snakkar dei seg lengre og lengre bort frå kvarandre. Mannen forhøyrer kvinna om hennar erotiske fortid, og søkinga etter nærleik forvandlar seg til stivna avstand.
Stendig storm (2017) tek utgangspunkt i Handkes eiga familiehistorie knytt til Kärnten, der det tradisjonelt har vore mange slovenske innbyggjarar, som mor til Handke, og hennar familie. Stykket handlar om tida like før, under og like etter den andre verdskrigen, opplevde gjennom auga til eit oppveksande barn med slovensk mor og tysk far.
Den austerrikske forfattaren Peter Handke blei fødd i 1942 i Kärnten i Austerrike. Handke er forfattar av over femti romanar, forteljingar, essayistisk prosa og dramatikk, og han blir av mange rekna som den viktigaste tyskspråklege nolevande forfattaren. Peter Handke har fått ei lang rekkje prisar og utmerkingar, seinast Den internasjonale Ibsenprisen i 2014, som han fekk for ein forfattarskap «eineståande i sin formelle venleik og i sine briljerande refleksjonar», slik juryen formulerte det, og der Handke blei kalla for den «mest eminente episke poeten» innanfor teaterdiktinga.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.